Feire påska på Hardangerfjord Hotel

No har me tilbod på overnatting! Ta med deg familien og opplev ekte påskestemning på Hardangerfjord Hotel.

For deg som er lei av å sitte inne dag ut og inn – no har me tilbod på påskeovernattingar på Hardangerfjord Hotel! Pakka inkluderer overnatting, frukost, 2-retters middag på restauranten Glime og gratis inngang til Hardangerbadet. Og for dei minste har me ei lita påskeoverrasking.

Gjer ekstra stas på påska i år på Hardangerfjord Hotel!

oktoberhelg

Hardangerfjord Hotel

Nye Hardangerfjord Hotel ligg vegg-i-vegg med Hardangerbadet i Øystese. Her kan du bu på nyoppussa rom med utsikt til fjord og fjell. I restauranten Glime kan du nyte nydeleg og kortreist mat laga på lokale råvarer i sesong. I nærleiken finn du sidergardar, Kunsthuset Kabuso og ei rekke tilbod for deg som er glad i natur og opplevingar. Kvifor ikkje bli med på ein fartsfylt tur på fjorden i RIB-båt på påskeafta?

hardangerbadet

Gratis inngang til Hardangerbadet

Vegg-i-vegg med Hardangerfjord Hotel finn du Hardangerbadet; helsepark, bade- og svømmeanlegg og visningssenter for laks – alt i eitt. Som gjest hjå oss får du gratis adgang til badeanlegget og treningsfasilitetar. Her finn du rutsjebane, stupetårn og familiebasseng for dei minste.

frukt-ciderrute

Gardsbesøk

For deg som er ekstra glad i mat og drikke er det verdt å ta turen til ein av dei kringliggande gardane i Øystese. Smak den verdskjente eplekaka på Steinstø Fruktgard, sider i verdsklasse på Spildegarden og grueleg gode syltetøy, chutneyar og eplejuicar på Sjuragarden.

Ei påskefeiring tett på naturen

I Hardanger får du oppleve Noreg på sitt beste med mektig natur og  varierte friluftsaktivitetar. Kombinert med den rike matkulturen basert på lokale råvarer får du ei oppleving du seint vil gløyme. Enten du vil rafte i elva eller sykle mellom epletrea – Hardanger byr på spanande opplevingar for både store og små.

Påsketilbod

Familierom for 3 personar
Med frukost: 1 695,-
Med frukost og 2-retters middag på Glime: 2 745,-

Familierom for 4 personar
Med frukost: 1 995,-
Med frukost og 2-retters middag på Glime: 3 395,-

Dobbeltrom
Med frukost: 1 350,-
Med frukost og 2-retters middag på Glime: 2 050,-

Book i dag

Gjer ekstra stas på påskefeiringa, fyll inn skjemaet for bestilling. Det er begrensa antal rom, så her gjeld det å være tidleg ute!

Opplev Norge på sitt vakreste

open

Hjarteleg velkommen til oss – Vi følgjer bransjestandard for smittevern for å gi deg eit trygt opphald. Følg oss gjerne på Facebook for oppdateringar. / Welcome – we adhere to strict guidelines to ensure a safe stay for our guests. Follow us on Facebook for updates.

Hardangerfjord Hotel Logo