Selskap & bryllaup

Vi sørger for at den store dagen blir uforgløymeleg.

Vi hjelper deg

Hardangerfjord Hotel har lokale til både store og små selskap, og hjelper deg med å skape dei perfekte rammene for den store dagen.

Vi serverer kortreist mat laga på ferske, lokale råvarer og har eit vertskap som gjer alt for at selskapet ditt blir perfekt – enten du skal arrangere barnedåp, gjere stas på ein konfirmant eller feire bursdag eller bryllaup.

Selskapslokale

Vi hjelper deg med arrangementet ditt, enten du ynskjer eit intimt selskap for dei næraste eller storslått fest. Vi er vertskap for arrangementer med opp til 250 gjester, og med fjorden rett utanfor vindauget og Hardangerbadet vegg-i-vegg, får du dei perfekte rammene for din neste fest.

Mat og drikke

Restauranten på Hardangerfjord Hotel, Glime, byr på mat og drikke laga på råvarer frå lokale leverandørar. Økologisk kalkun frå Homlagarden og eplemost frå prisbelønte Spildegarden er bare noko av det du kan glede deg til.

Vi har eigne festmenyar, men skreddersyr sjølvsagt meny og drikke etter ynskje.

Julebord

Julebordet på Hardangerfjord Hotel byr på tradisjonsrik og heimelaga julemat – det kjennest på smaken. Kjøkkensjefen røyker pinnekjøttet sjølv.

Bryllaup

Drøymer du om di eiga brudeferd i Hardanger? Vi hjelper deg med planlegging og tilrettelegging av drøymebryllupet ditt, enten du vil ha ein storslått festmiddag eller ei intim feriring med dei næraste.

Send førespurnad

Send oss ei melding og fortell oss litt om arrangementet ditt, så kjem vi tilbake til deg.

    For deg som er glad i vakker natur, nydeleg kortreist mat og sterke naturopplevingar.

    Romma

    Nyoppussa og lyse rom i moderne nordisk stil.

    Opplev Noreg på sitt vakraste

    Hardangerfjord Hotel Logo