Pakketilbod
Opplev Hardanger i sommar!
Opplev Hardanger i sommar!
Ta med din betre halvdel eller heile familien og opplev lokal matkultur, flotte turar og spanande friluftsaktivitetar på Hardangerfjord Hotel.
2 netter: pris kr 2600,- per natt inkl. frokost og middag for rom med utsikt til fjorden (dobbeltrom/2 personer)
2 netter: pris kr 1900,- per natt inkl. frokost for rom med utsikt til fjorden (dobbeltrom/2 personer)
2 netter i standard dobbeltrom kr 2200 per natt inkl. frokost og middag (dobbeltrom/2 personer)
2 netter i standard dobbeltrom kr 1500 per natt inkl. frokost (dobbeltrom/2 personer)
Nye Hardangerfjord Hotel ligg vegg-i-vegg med Hardangerbadet i Øystese. Her kan du bu på nyoppussa rom med utsikt til fjord og fjell. I restauranten Glime kan du nyte nydeleg og kortreist mat laga på lokale råvarer i sesong. I nærleiken finn du sidergardar, Kunsthuset Kabuso og ei rekke tilbod for deg som er glad i natur og opplevingar. Kvifor ikkje bli med på ein fartsfylt tur på fjorden i RIB-båt på påskeafta?
Vegg-i-vegg med Hardangerfjord Hotel finn du Hardangerbadet; helsepark, bade- og svømmeanlegg og visningssenter for laks – alt i eitt. Som gjest hjå oss får du gratis adgang til badeanlegget og treningsfasilitetar (én gang per døgn). Her finn du rutsjebane, stupetårn og familiebasseng for dei minste.
For deg som er ekstra glad i mat og drikke er det verdt å ta turen til ein av dei kringliggande gardane i Øystese. Smak den verdskjente eplekaka på Steinstø Fruktgard, sider i verdsklasse på Spildegarden og grueleg gode syltetøy, chutneyar og eplejuicar på Sjuragarden.
I Hardanger får du oppleve Noreg på sitt beste med mektig natur og varierte friluftsaktivitetar. Kombinert med den rike matkulturen basert på lokale råvarer får du ei oppleving du seint vil gløyme. Enten du vil rafte i elva eller sykle mellom epletrea – Hardanger byr på spanande opplevingar for både store og små.
Oppgradert pakke
2 netter: pris kr 2600,- per natt inkl. frokost og middag for rom med utsikt til fjorden (dobbeltrom/2 personer)
2 netter: pris kr 1900,- per natt inkl. frokost for rom med utsikt til fjorden (dobbeltrom/2 personer)
Standard pakke
2 netter i standard dobbeltrom kr 2200 per natt inkl. frokost og middag (dobbeltrom/2 personer)
2 netter i standard dobbeltrom kr 1500 per natt inkl. frokost (dobbeltrom/2 personer)
Fyll inn skjemaet for bestilling. Det er begrensa antal rom, så her gjeld det å være tidleg ute!