Oksen

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

Juni til september
Parkering: kr 50

Frå Oksen har ein storslått utsikt 360 grader til nesten heile Hardanger, til både fjord og fjell: Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger. Denne turen kan nesten alle ta, om ein tar seg nok tid til stigninga.

Frå hotellet til startpunkt ved Tjoflot er det 36 km. I rundkjøyringa inne i fjellet på nordsida av Hardangerbrua, ta først av mot Ulvik. Ute av tunellen, i Vallavik, ta av og køyr Fv 302 i retning Djønno/Tjoflot, og køyr langs fjorden til Tjoflot (ca. 17 km). Frå Tjoflot går det ein liten grusveg opp til 250 moh., eigna for personbilar. Det er god plass til parkering ved enden av grusvegen.

Stien går bratt oppover gjennom granskog. Frå stølen Vindhovden er det utsikt til Samlafjorden og Sørfjorden. Det går vidare bratt oppover. Særleg 400-600 moh. og 800-1100 moh. er det sterk stigning. Frå toppen er det fantastisk utsikt til Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden, fjellområda på Voss og i Hardanger. Legg gjerne turen ut på Veten på den sørlege delen av toppen av Oksen, der er utsikten aller best, og også lokalitet for den gamle varden.

Bruk god tid, og hugs fotografering på veg opp før ein blir for sliten. Hugs å skriva namnet ditt i boka som ligg i postkassen på Oksen. Turen bør ikkje veljast i dårleg ver. Tåke legg seg ofte ned over toppen når det er dårleg ver, og det er vanskeleg å finne rett veg ned att i tåke. Ta med mat og drikke, og varme klede. Det kan være kaldt på toppen.

Ein kan velje å gå vidare ned att til Djønno, Selstad i Granvinsfjorden eller Stokksel i Granvin. Desse løypene er ikkje like godt merka, og ein treng gjerne kart.

Sesong

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

Juni til september

Parkering

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

kr 50

Lengde

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

12 km

Gradering

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

Turen har ikkje farlege passasjar, og er mykje brukt og lett å gå på. Det er stigning heile vegen, med to særleg bratte parti 400 – 600 moh. og 800-1100 moh. Dette er difor ein krevjande tur.

Tidsbruk

Topptur til Oksen 1241 moh.

Juni til september

Parkering: kr 50

Frå parkeringsplassen til Oksen tek det frå 2-4 timar å gå ein veg, alt etter fysisk form. Tur-retur må ein rekne 3,5 – 6 timar.

Romma

Nyoppussa og lyse rom i moderne nordisk stil.

Opplev Noreg på sitt vakraste

open

Hjarteleg velkommen til oss – Vi følgjer bransjestandard for smittevern for å gi deg eit trygt opphald. Følg oss gjerne på Facebook for oppdateringar. / Welcome – we adhere to strict guidelines to ensure a safe stay for our guests. Follow us on Facebook for updates.

Hardangerfjord Hotel Logo