Sommar på
Hardangerfjord Hotel

Ei fin oppleving for store og små

Nyt sommaren ved ytre Hardangerfjorden i autentiske omgivnader. Me kan tilby fine kveldar med herleg mat og drikke i restaurant Glime eller på den flotte terrassen vår, med nydeleg utsikt til hotellhage, fjord og fjell.

Ein kan være aktiv med rib-tur i regi av Hardangerfjord Adventure eller topptur til Breidablikk eller Torefjell, eventuelt kan ein utforske mindre turar i nærmiljøet.

Det er kort avstand til den flotte sandstranda i sentrum og Hardangerbadet ligg vegg i vegg. Fartøyvernsenteret er ope gjennom sommaren og byr på kjekke opplevingar for born i alle aldrar.

Velkomen til oss!

sommar-6
sommar-3
sommar-5
sommar-10
sommar-9
sommar-4

Opplev Norge på sitt vakreste

Hardangerfjord Hotel Logo